okt.
10.
6:00 p.m.18:00

LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

Frå Stalheim.

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.

Søknadsfrist for å verta med i programmet med LivOGLYst-prosjekt er 1. november!

 Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikle heimstaden sine til ein betre stad å bu og vere. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan de saman skape eit attraktivt og levande lokalsamfunn.

Vil du vite meir? Vestland Fylkeskommune inviterar til eit digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 10.oktober, påmelding og meir informasjon kan du finne her: Informasjonsmøte om LivOGLyst-programmet.

Tema for møtet

  • Kva bør vere på plass før ein søker om å bli eit LivOGLyst-prosjekt?

  • Kva er aktivitetane i eit forprosjekt og eit hovudprosjekt?

  • Kva inneber det å vere ein del av LivOGLyst-nettverket?

Du kan også sende inn spørsmål du ønskjer svar på i påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet. 

 Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?

Eit LivOGLyst-prosjekt vert drive av folk i lokalsamfunnet. Det startar med at innbyggjarar samlast for å utforske korleis dei kan skape noko positivt i nærområdet sitt. Prosjektet skal involvere folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser, og det skal mobilisere til dugnad.

Prosjektet startar med eit forprosjekt, der de kartlegg idear og ønske i lokalsamfunnet. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr for eitt år. Etterpå kan de søke om å bli eit hovudprosjekt, som får 300 000 kr fordelt over tre år for å halde fram med arbeidet som starta i forprosjektet.

Tilskotet kan brukast til

  • Prosjektleiing (inntil 50 prosent)

  • Mobiliseringstiltak og aktivitetar i lokalsamfunnet (t.d. nye møteplassar, arrangement, bygdefestar, folkemøte)

  • Deltaking i LivOGLyst-nettverket (t.d. reise, opphald, kurs)

 Dette kan ikkje få tilskot

De kan ikkje søke tilskot til eit etablert prosjekt, som allereie ser for seg konkrete tiltak eller investeringar. Tilskotet kan heller ikkje gå til større, fysiske investeringar, som t.d. opprusting av samfunnshus, bygging av gapahukar eller badstover. Pengane skal gå til prosjektleiing, aktivitetar, reiseutgifter og små innkjøp.

For meir informasjon om LivOGLyst-programmet, samt krav og kriterium for å søkje, sjå nettsida til Vestland fylkeskommune. LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling - Vestland fylkeskommune

Vis arrangement →
sep.
10.
til 11. sep.

Vandreseminar om skjøtsel og tilrettelegging av historiske ferdselsårer

Vandreseminar om skjøtsel og tilrettelegging av historiske ferdselsårer – Stalheim og Postvegen ved Nærøyfjorden

Program 10. september:

10.00 Oppmøte, registrering, kaffi

11.00  Velkomst og føredrag om norsk veghistorie, ulike typar vegfar, tips og råd i arbeidet med historiske stiar og vegar.

11.35 Beinstrekk med kaffitår

11.50 Føredrag om ulike utfordringar knytt til historiske vegfar i regionen, knytt til attgroing, skjøtsel, tilrettelegging og bruk. Korleis handtere utfordringane konstruktivt?

12.30 Påsmurt lunsj (må bestillast ved påmelding og betalast på hotellet)

13.05 Gåtur i Stalheimskleivi. : Orientering om Stalheimskleivi – historikk, vernestatus, restaureringsprosjektet og skjøtsel.  Me ser på konkrete døme på arbeidet som har vore gjort mens me går nedover kleiva. Vidare bruk og vedlikehaldsarbeid er og tema.

                •             Sivlebautaen

                •             Paviljongen og Minesvingen

                •             Stien mot Sivlefossen

                •             Eldre stitrasé på tilbakevegen til hotellet. (Busskyss tilbake til hotellet ved behov)

16.30 Seminardagen avsluttast ved hotellet  

16.30 Suppe 

17.30 Omvising i Stalheim Folkemuseum

19.00 Kviletid

19.30 Aperitif og kunstvandring i salongen

20.00 Middag

 

Program 11. september:

8.45      Oppmøte på kaia i Gudvangen

9.00  Båt til Styvi 

9.30   Ankomst Styvi. Orientering om Postvegen og Styvi som postgard, oppretting av

landskapsvernområdet, grunneigaravtaler og restaureringsprosjekt knytt til postvegen.

10.15 Me byrjar å gå postvegen mot Bleiklindi (5 km). Undervegs vert det formidling om skjøtsel og restaurering, tilrettelegging og besøksstyring knytt til postvegen.

13.00 Båtskyss Bleiklindi – Bakka

13.30 Kaffi/ te og lappar i Bakka verdsarvhus (det gamle skulehuset). Orientering om verdsarvhusprosjektet og ulike sider ved skjøtsel og ferdsle knytt til m.a. stølsvegen Rimstigen og «utsiktspunkta» Bakkanosi og Breiskrednosi. Problematikk knytt til parkering og toalett som tilretteleggingstiltak.

 

14.45 Buss frå verdsarvhuset til Gudvangen

15.00 Pizza på Gamlo

16.00 Avslutting

 

NB: Det er høve til å vere med på heile arrangementet og overnatte på hotellet, evt berre ein av dagane.

 

Formidlarar:

Jan Adriansen (Sweco), Bengt Erlend Skjerdal og Snædis L. Bjarnadottir (Nærøyfjorden Verdsarvpark), Marit Anita Skrede (Statens Vegvesen), Anbjørg Nornes og Jorunn Vallestad (Nærøyfjorden verneområdestyre), Trygve Dugstad (Stalheim Hotel), Berit Bruvik Tørrmuring, Svein Tufte (Bakka Grendalag), evt.

 

Prisar:

-dagsbesøkende dag 1 - gratis seminar inkl kaffi/ te og frukt

Kan kjøpast på hotellet:

Påsmurt lunsj med juice/saft (150,-), ettermiddagssuppe m/ brød (140,-), omvising Stalheim Museum (90,-), kunstvandring i salongen med aperitif (200,-), middag (450,-)

-dagsbesøkende dag 2 - seminaravgift kr. 850,-

inkl båt- og busskyss, bevertning Bakka verdsarvhus og pizzabuffet på Gamlo i Gudvangen (bet pr vipps eller faktura). (Deltakarane må ha med lunsj sjølv.)

-full seminarpakke - kr. 3000,-

inkl. overnatting på Stalheim Hotel, alle måltider, omvising Stalheim Museum, kunstvandring i salongen med aperitif, buss- og båttransport (bet pr vipps eller faktura)

 

Meld deg på innan 03. september!

 Kontaktpersonar:

Anne Arneberg – Voss herad: anne.arneberg@voss.herad.no

Gry Mørk – Nærøyfjorden Verdsarvpark: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
juni
21.
til 23. juni

Landskapsfest!

  • Nærøyfjorden verdsarvpark (kart)
  • Google Calendar ICS

Denne helga er det mykje kjekt som skjer på Stalheim! Fredag er det middagsbuffet og utekonsert med Folk Flest. Laurdag er det gjenopning av den historiske Stalheimskleiva og opning av utsiktspunkt ved Sivlesteinen. Søndag blir det tradisjonsrikt Jonsokbryllaup og mykje liv og røre.

Du er hjarteleg velkomen til å vera med på LANDSKAPSFEST!

Vis arrangement →
juni
15.
1:00 p.m.13:00

Feiring på Bakka!

Åpning av Verdsarvhuset på Bakka

Laurdag 15.juni kl 13.00

 

Det gamle skulehuset på Bakka har fått eit nytt liv. No er det fylt med utstilling om folket som lever og har levd i området, og me er stolte over å kunne vise fram del ein av denne utstillinga. Eit godt samarbeid mellom kommune, grendalag og Nærøyfjorden Verdsarvpark skal feirast denne dagen. Me vonar de har høve til å vere med oss og sjå korleis ein kan ta i bruk gamle bygg og gje dei nytt liv.

 De er hjarteleg velkomne til å vere med på opninga av Verdsarvhuset på Bakka, og del 1 av utstillinga der. Me samlast laurdag 15.juni til markering med både talar og underhaldnig.

Program:

Opning v/David Underdal

Snorklipping v/Svein Tufte

Tale v/Gro Nesse-Bremer

Blomsterutdeling v/Snædis Bjarnadottir

Tale v/Erling Oppheim

 Kaffi, kaker, bobler og drøs. Høve til å sjå utstillinga. Arrangementet går føre seg ute, så hugs høvelege klede i forhold til veret!

 VELKOMEN!

Vis arrangement →
feb.
26.
6:00 p.m.18:00

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar.
Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

I framkant av søknadsfristen 1. mars 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.

KURSPLAN
Onsdag 24. januar 2024 – Stryn

Stryn, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 12. februar 2024 – Dale
Dale, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 19. februar 2024 – Florø
Florø, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 17.30-19.30

Torsdag 22. februar 2024 – Førde
Førde, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00

Måndag 26. februar 2024  – Sogndal
Sogndal, møtelokale v/ Sogningen Storsenter
Kl. 18.-20.00

Påmeldingsskjema

Ønskjer du eit møte med stiftinga?
Send førespurnad per e-post til; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Har du spørsmål – kontakt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Yngve Thorsen
E-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
Tlf. nr.: 90 80 25 75

Vel møtt!

Vis arrangement →
feb.
14.
6:00 p.m.18:00

Næringskveld for bønder med tema: Landbruk - styreform, økonomi og utvikling

Synes du det er vanskeleg å veta kva som vert riktig å velge? Då kan det vere kjekt å koma på denne næringskvelden!

Sognefjorden Næringshage og Felles Landbrukskontor ÅLA arrangera næringskveld!

Stad:  Kommunestyresalen, rådhuset i Lærdal

Når:   14. februar klokka 18-21

 

  • Tollefsen advokater fortel om kva slags styreform som lønar seg innan landbruket

  • Informasjon om finansieringsordningar for dei som ynskjer å satsa på tilleggsnæring innan landbruk

Velkomen til ein informativ kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær.

Me stiller med kaffi og noko attåt!

Påmelding innan 06.02.2023 til beate.stolen@laerdal.kommune.no

Med atterhald om endring i programmet!

 

Vis arrangement →
feb.
14.
12:00 p.m.12:00

Kurs i tilskotssøking

Velkomen til dag- og kveldskurs i tilskotssøking 14. februar i Aurland!

Kvart år vert det fordelt 70 milliardar til kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar! Og me ynskjer at ein større del av kaka vert tildelt prosjekt i Aurland kommune!

Aurland kommune arrangerar kurs i tilskotssøking med Anders A. Vik 14. februar. Kursa er gratis og opne for alle!

Kurshaldar Anders A. Vik har spisskompetanse på tilskotsordningat, og har sidan 2006 hatt kurs for over 180 kommunar og organisasjonar i heile landet. Med sitt kreative fokus tenkjer han utradisjonelt, både i sjølve søknaden og kvar ein kan søke midlar frå. Han er kjend for sin lette og kreative tone og form. Han har sjølv vorte nytta i søknadsskriving for ulike kommunar og organisasjonar. Me gleda oss til besøk og inspirerande kurs i Aurland.

På kursa vil ein blant anna læra meir om korleis ein finn fram i tilskotsjungelen, korleis tenkje nytt og utanfor A4-boksen. Korleis få innsyn i andre sine søknader og litt om internasjonale tilskotsordningar.

Forresten, er du klar over at det berre i Norge er 6 245 stiftingar som gjev vekk gåver for 6 milliardar kroner?

Det vert arrangert to kurs:  

Kl 12.00-15.30 er spesielt retta mot kommunale einingar, næringsaktørar, matprodusentar, reiselivssatsingar og alle andre!

Kl. 18.00-20.30 er spesielt retta mot frivillige lag og organisasjonar, næringsaktørar, idrettslag, kor og musikklag, og alle andre!

Begge kursa skal vera i kommunestyresalen på Rådhuset i Aurland.

Alle som deltek får tilgang til elektronisk kurskompendium.

Påmeldingsfrist 12. februar. 2024

Meld deg på til Linn-Janette Underdal Skarsbø 
på e-post linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no
eller sms: 959 84 647


Sjå bilde for meir informasjon om kurset!


Kurshaldar:
BOJL.NO v/Anders A. Vik
Mobil: 926 34 131
Anders.vik@bojl.no

Vis arrangement →
nov.
30.
9:30 a.m.09:30

Velkomen til Parkmøte, temadel og dialogmøte 2023

  • Fretheim hotell, Fretheimsalen (kart)
  • Google Calendar ICS


Arrangørar: Nærøyfjorden Verdsarvpark og Nærøyfjorden verneområdestyreVær oppmersam; påmelding innan 23.november til erling@naroyfjorden.no

Del 1: Parkmøte

09.30: Oppmøte og registrering.

10.00: Velkomst og kort innleiing ved:
David Underdal, styreleiar i Verdsarvparken. 
Erling Oppheim, dagleg leiar Verdsarvparken.

10.15: Kort om prosjekt og tiltak gjennomført så langt i 2023

10.45: Revisjon av Parkplanen ved prosjektleiar Sogn Naturforvaltning.
Presentasjon av planprosess og felles arbeidsøkt.

12.30: Oppsummering av revisjonsarbeidet

12.50: Val av medlemar (repr. parkpartnarane) til Parkstyret ved valnemnda. 

 

Felles lunsj 13.00 - 14.00:

 

Del 2: Felles temadel

14.00: Velkommen
Trygve Skjerdal, leiar i verneområdestyre

14.10 Helsing
Liv Signe Navarsete, Statsforvaltaren i Vestland

14.15: Byggeskikk og kulturmiljø som ein del av landskapet
Inga Lindstrøm, Fylkeskommunen i Vestland

15:00: Reaksjonar på ulovlege tiltak i verneområdet
Trond Flydal, Miljødirektoratet

15:45: Spørsmål og innspel frå salen

 Del 3: Dialogmøte 
Nærøyfjorden verneområdestyre og rådgjevande utval

16.00: Orientering om saker og tiltak i verneområdestyret i 2023

16.30: Innspel til tiltaksplanen for 2024

 

Vis arrangement →
okt.
12.
5:30 p.m.17:30

Verktøykveld og slipekurs

Har du interesse for gamle verktøy og reiskapar?

Høgdegarden Hovland Gard på Vangsnes held open verktøykveld i oktober i samarbeid med Fortidsminneforeningen Sogn lokallag og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Denne kvelden blir det høve til å studere og diskutere gamle verktøy og reiskapar frå garden. Har du sjølv noko liggjande heime, som du ynskjer å vise fram eller som du lurer på kva er? Ta det gjerne med hit.

Eirik Tistel frå Tistel Gard i Vik blir med denne kvelden og gjev ei innføring i sliping med både slipestein og bryne. Har du gamle verktøy som treng å slipast, så kan du ta dei med.

Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld på Hovland Gard!

Praktisk informasjon:

Inga påmelding

Arrangementet er gratis

Ha med varme klede

Enkel servering

Kontaktperson:

Gry Mørk - tlf 95141438

e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
sep.
25.
5:00 p.m.17:00

Kurs i sliping av gardsreiskap

Foto: Christian Olai Hegglund

Har du lyst å lære om gamle gardsreiskap og korleis å slipe dei?

I samband med Økoveka – 23 arrangerer me eit innføringskurs i sliping av gamle verktøy på Framigarden i Flåmsdalen, med Terje Hilstad som formidlar. På kurset blir det litt teori og historikk, gjennomgang av gamle gardsreiskap, demonstrasjon av sliping på slipestein.

Ein får høve til å prøve å slipe sjølv. Ta gjerne med eigne reiskap som treng og slipast, som ljåblad, økser, snidlar, evt. anna.

Enkel servering.

Kurset er gratis.

PRAKTISK INFO:

Parkering og oppmøte: ved Flåm kyrkje

Bekledning: varme klede, som toler litt søl

Påmeldingsfrist: 23. september

Kontaktperson: Gry Mørk tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

NB: Begrensa med plassar!

Vis arrangement →
sep.
9.
10:00 a.m.10:00

Kurs i bygging av naturleikeplass

På kurset får du lære korleis å lage naturleikeplassar på naturen og ungar sine premissar, og korleis dette kan gjerast med enkle og rimelege hjelpemidlar.

Du lærer om ulike typar trehusker og karusellar, zipline, klatreveggar, hytter mm. Friluftsakademiet har med alt av utstyr ein treng til bygginga.

Kurset tek utgangspunkt i bøkene “Lag ein naturleikeplass” og “Endring med natur - i barnehage og skole”, som byggjer på Norsk standard for leikeplassutstyr.

Kursinstruktør Tor Egil Bagøien frå Friluftsakademiet har hatt mange kurs landet over med fokus på nærnatur og bygging av naturleikeplassar. Han har og lang erfaring frå undervisning i barnehage- og lærarutdanning.

Sjå også: www.friluftsakademiet.no

Det blir delt ut kursbevis etter fullført kurs.

Praktisk informasjon:

Kursavgift: kr 1200,- inkl varm lunsj og drikke

Påmeldingsfrist: 01.september 2023

Kontaktperson: Gry Mørk tlf 95141438, epost: gry.b.moerk@gmail.com

Laurdag 9.september 2023, Draumeplassen, Flåm

Kursarrangør: Draumeplassen i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark

Kurset er støtta av Sogn Sparebank

Vis arrangement →
sep.
3.
11:30 a.m.11:30

Kulturhistorisk vandring på Bakka

Vi markerer Kulturminnedagane 2023!

Her får du moglegheita til vere med dei som kjenner Bakka best og lære om busetnads- og gardshistorie, om husmenn og endringar i landbruket opp gjennom hundreåra og fram til i dag.

Vi går først ein runde med gardbrukar Svein Tufte frå Borgen Gard, gjennom dei bratte bøane over garden hans og nedom strandsitjarmiljøet ved fjorden. Så tek vi ein stopp i tunet til Dyrdal Gard og Camping, der Olav Magne og Katrine Dyrdal møter oss, og vi får høve til å sjå det eldgamle eldhuset på garden. Vandringa blir avslutta med besøk i kyrkja frå 1859.

Grenda Bakka ligg i ein majestetisk og kraftfull natur, verna som landskapsvernområde og på verdsarvlista til UNESCO som blant dei viktigaste naturområda i verda. Dette får du og høyre meir om denne dagen. Det blir høve til å kjøpe kaffi/ te og noko å bite i, elles er turen gratis.

PRAKTISK INFO:

Vanskegrad: lett

Oppmøte: skulehuset

Parkering på: tilrettelagte p-plassar

Kan ha med: vasstett skotøy

Kontaktinformasjon:

Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
juli
8.
til 9. juli

Gratis kurs i vindaugsrestaurering

  • Borgund Lærdal kommune Norway (kart)
  • Google Calendar ICS

På kurset får du lære praktisk vedlikehald og reparasjon av gamle vindauge: Demontering, fjerning av gamal kitt, restaurering av hengslar og beslag, skjæring av glas, overflatebehandling, gjenoppbygging. Ein får og innblikk i restaurering av treverk.

Kursobjekta er vindauga i det gamle skulehuset på Borgund, (vis a vis Nærbutikken). Huset skal setjast i stand gjennom kurs og opne som vedomnbakeri neste år. Det er fint om kursdeltakarane har med eigne reiskapar, om ein har det. Liste over aktuelle reiskapar vert sendt ut før kurset.

Det blir sosial kveld på puben på Borgund laurdag kveld, for dei som vil vere med på det.

NB: Kurset er gratis, i og med at det ikkje er høve til å ta med eigne vindauge til restaurering på dette kurset, og inkluderer mat og drikke under kursdagane. Evt. overnatting må deltakarane betale sjølv.

Instruktør: Anders Slinning, 28 år, bur i Sogndalsdalen. Han har bakgrunn frå Ornes Båtbyggeri og har oppretta eige snekkarfirma som er samlokalisert med Solvorn Laft og Bygg. Han har erfaring med restaurering av gamle vindauge, m.a. frå Stedje kyrkje i Sogndal og Munthe-huset i Luster.

PRAKTISK INFO

NB: Det er plass til 8 deltakarar, så førstemann til mølla!

Kurset kan verte avlyst om færre enn 4 deltakarar melder seg på.

Påmelding innan 5.juli til: Nærøyfjorden Verdsarvpark tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Tid: 08. - 09.juli 2023 Kl. 10.00-16.00 begge dagar.

Vis arrangement →
juli
5.
12:30 p.m.12:30

Fagdag om biologisk mangfald

Fagdag om biologisk mangfald - vandring langs fjorden til Stokko

Tid:    5. juli 2023
Stad: Oppmøte ved nærbutikken i Undredal kl 12.30 

Med oss på markdagen vert biolog Geir Gaarder. Han er godt kjend i området her, og har stor kunnskap om artsrikdomen me finn lags ruta til Stokko. 
På turen vert det fleire stopp, for å sjå på dei ulike lokalitetane me passera. Det meste område me vandrar i, ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde.
På Stokko er det slåttemarker, og eit av temaene me tek opp her, er kva som er den beste måten å hauste dei artsrike engene på. Både med tanke på fôrkvalitet og på haustetidspunkt.  

Litt info om Stokko: 

Område langs fjorden frå bygdi Undredal til Stokko har vore nytta til slåtteteigar i lang tid. Det var, og er, avgjerande for husdyrhaldet for bøndene i Undredal å haust fôr i dette område.
Den langvarige bruken av område til slått, har ført til at artsrikdommen i slåttemarkene er stor. Me finn mange artar her av blomster og gras, og det er stor artsrikdom av insekt.

Bruken av område, har ført til mange spor i landskapet av både bakkemurar og steinopplegg. Og det er bygd opp fleire løer i område.

I dag er turen frå Undredal til Stokko mykje nytta til turgåing, og langs fjorden er det mange som går i land for overnatting. Samspelet mellom friluftsliv, turgåing, verneområde, biologisk mangfald og det aktive landbruket er her omfattande.

Meir info om Stokko kan du lesa her: UNDREDAL-STOKKO I NÆRØYFJORDEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE SKJØTSEL AV SLÅTTEMARK MED BLODDRÅPESVERMERE (nasjonalparkstyre.no)

Det vert enkel servering på Stokko. 


Vel møtt til ein lærerik, inspirerande og triveleg fagdag. 

Påmelding til beate.stolen@laerdal.kommune.no seinast 1.juli 

Arr:  
Verneområdestyret i Nærøyfjorden 
Felles Landbrukskontor ÅLA 

Vis arrangement →
juni
5.
11:30 a.m.11:30

Seminar om ombruk av gamle hus i landbruket

Kvifor ombruke, korleis ombruke? Og korleis få det til?

Nærøyfjorden Verdsarvpark og Landbrukskontoret ÅLA ynskjer deg som eig, forvaltar eller jobbar med gamle hus – særleg i landbruket - velkomen til eit nyttig og inspirerande seminar!

Program for dagen

· Velkomst med varm lunsj v/ Sivle Gard

· «Lokal verdiskaping og bærekraft. Hvordan kan gamle hus bidra?»

v/ Ola Fjeldheim, generalsekretær Fortidsminneforeningen

· «Kva er god – og mindre god – ombruk av gamle gardshus»

v/ Inga P. Lindstrøm, seniorrådgjevar Vestland fylkeskommune

· Beinstrekk

· «Til deg som vil ha ny og nyttig bruk i gammelt hus»

v/ Tove E. Ihler, inspirator / Følk&Glød

· Servering av kaffi/ te og lappar

· Omvisning på Sivle Gard v/ eigar Randi E. Eide

· «Korleis lukkast med gjenbruk? Om tilgang på handverkarkompetanse og gjenbruksmaterialer som vilkår.»

v/ Bjørn Vike, restaureringshandverkar / eigar 29/2 Aurland

· «Plan- og bygningslova og eldre bygningar på landbrukseigedomar - Kva må ein tenke på?»

v/ Stefan Karlstrøm byggesakshandsamar, Aurland kommune

· Byggjeskikkrettleiing på film

· «Retningslinjer for ombruk av hus i naturvernområde»

v/ Anbjørg Nornes, verneområdeforvaltar Nærøyfjorden verneområde

· Orientering om tilskotsordningar knytt til istandsetjing og utvikling

· Open post

· Besøk til Gudvangen Gard og Camping, med omvisning og orientering om løa

v/ Lene Hagen, eigar

Pris: 500,-

Påmelding innan 02. juni!

Kontaktperson:

Gry Mørk / Nærøyfjorden Verdsarvpark

Tlf. 95141438

E-post: gry@naroyfjorden.no

NB! Når du fyller ut påmeldingsskjema må du skrive inn opplysningane - ikkje bruke “autofyll” - då virkar ikkje skjema!

Vis arrangement →
mai
11.
6:00 p.m.18:00

Informasjons- og innspelsmøte om kulturarven

Kulturarven

Plan for kulturminne, kulturmiljø og landskap i Aurland kommune

Korleis skal me ta vare på kulturarven vår? Korleis kan kommunen, lokale lag og frivillige, og grunneigarar jobba tettare saman for å sikre dei verdifulle kulturminna våre? Ein plan for kulturminne, kulturmiljø og landskap skal vere eit verktøy som sikrar samarbeid og handlekraft i møte med dei utfordringane me står ovanfor og vere eit reiskap for å fortsetja å kunne formidla den viktige historia, både til dei lokale, men og dei besøkjande.

  • presentasjon av arbeidet med planen- og prosessen vidare

  • kva skal ein kulturminneplan innehalde?

  • kva er ditt kulturminne? - moglegheit for innspel til kva kulturminne som bør vere med i planen

Laila Kvellestad vil servere nydeleg mylse og lappar og det vil bli kulturelt musikkinnslag! Presentasjonen startar kl 18, men om du ikkje har høve til å kome før seinare, vil me jobbe med innspel til planen fram til kl 21.

Velkomen!

Vis arrangement →
mai
2.
8:30 a.m.08:30

Verdsarvryddedag 2023

Det er vår, og me nyt solrike dagar og angen av jord. Samstundes ser me spor i naturen etter oss menneske som me ikkje vil ha der. Difor samlar me gode krefter til ein skikkeleg ryddedag i området vårt!

Tysdag 2. mai arrangerer Nærøyfjorden Verdsarvpark ryddedag langs dei to verdsarvfjordane våre, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Torsdag 4.mai er det i Fresvik det skjer og Feiosingane gorde sin insats 21. april.

Dette gjer Parken i samarbeid med verneområdeforvaltar, SNO, Aurland kommune, næringsliv og skulane i Aurland, Fresvik, Feios og Flåm. 

Me vonar at eit breitt samansett dugnadslag vil gi auka kunnskap hjå mange brukargrupper og at ringverknadene kan bli positive med det resultat at vi får mindre søppel langsmed strendene. Skuleelevane vil plukke søppel over store område denne dagen – me ber om at de tek godt imot dei!

Den fantastiske naturen me bur i treng hjelp – så om du har tid og lyst er du hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats  i nabolaget ditt. Få med deg sjefen din og kollegaer og rydd  i området rundt arbeidsplassen dykkar, og ta med deg søppel langs ruta du likar å vandre på tur!

Samarbeidsaktørane

Vis arrangement →
apr.
24.
10:00 a.m.10:00

Nettverksdag for små bedrifter

Driver du med landbruk, servering, overnatting eller opplevelser i Aurland eller Lærdal?
Har du unike produkter basert på lokale ressurser, men ingen "rik onkel" som kan betale for storstilte annonsekampanjer?
Da er dette en gylden mulighet for din bedrift!


Den 25. april inviterer Sakte alliansen (https://www.sakte.no/) til nettverksdag på Steinbergdalshytta. Som deltaker for du / dere 5 min på å presenter bedriften, hvem dere er, hva dere står for og produktene dere leverer. Etter denne presentasjonsrunden får vi servert nydelig mat, og rikelig med tid til å finne nye samarbeidspartnere, kunder og leverandører.
Alle får i etterkant et dokument med all relevant informasjon om deltakerne på nettverksdagen, så du har det du trenger til å følge opp kontaktene i ettertid.

Pris 500 kr pr bedrift.

Påmelding innen 22. april til post@steinbergdalshytta.no eller 46287352.

Vis arrangement →
mars
24.
9:30 a.m.09:30

Kurs i forteljarkunst

Endeleg! Her er kurset som du har ønska deg lenge! Her får du nyttige tips om forteljing som eit verktøy for bedrifter som sel unike produkt med ein historie som det er viktig at gjestene får del i.

BLI MED!

Innhald:

Utvikling av guida opplegg – rammer, innhald, teknikkar og flyt

Historieforteljing – korleis lære seg å fortelje?

Oppfølgingskveld – forteljarkunst (seinare på våren)

Fullstendig program får du ved påmelding

Praktisk informasjon:

Stad: Sogn Jord- og hagebruksskule

Tid: Fredag 24.mars kl 0930 – kl 1600

Pris: kr 500,- som inkluderer kurs, servering, hefte og oppfølgingskveld på Skaldegard, m/servering fredag 21.april kl 1900-2200.

Frist for påmelding: fredag 17.mars NB! Max antal plassar er 20

E-post til: anne.karin.hatling@alb.no

Hjarteleg velkomen til å bli med når An-Magritt tek oss med inn i forteljarkunsten!



Vis arrangement →
feb.
25.
12:00 p.m.12:00

AVLYST! Guida skogsvandring om skogskjøtsel og trevirkekvalitet

VIKTIG MELDING: Denne turen er dessverre avlyst. Me kjem med ny dato seinare.

Bli med på ei vintervandring i den flotte skogen i Fresvikåsen og lær om både skogskjøtsel, trevirkekvalitet og skogbrukshistoria i området!

Turen er ein rundtur med utgangspunkt i Svida, og det blir fokus på ungskog og ungskogpleie, kvistfritt virke, grøfting av myr, eldre skog, dimensjonar, kjerneved, m.m. Ein får og høyra litt om historia knytt til skogsdrifta her.

Det blir og litt info om verdsarven.

Turguidane, Ruben Bøtun frå Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Geir Ove Bøthun, er begge frå Fresvik. Dei har både ferdast og jobba mykje i skogen i Fresvikåsen.

Turarrangementet er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Skogselskapet i Sogn og Fjordane.

Praktisk info:

-Parkering ved Svida.

-Ta med varme klede, sitjeunderlag og eiga matpakke.

-Relativt lett tur.

-Pris: Vaksne kr. 100,-, born/ungdom gratis.

Betaling på VIPPS: 107632 (eller kontant)

Påmeldingsfrist: 23. februar

Kontaktperson: Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Vis arrangement →
feb.
13.
5:30 p.m.17:30

Kurs for nye bønder

  • Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland (kart)
  • Google Calendar ICS

Velkommen til kurs for nye bønder!

 

Det er mange tema og spørsmål som er viktige ved overtaking av ein landbrukseigedom. Å starta med eit kurs, kan vera ein fin start. 
Med dette kurset ynskjer me å få inspirera og vera til hjelp når den nye bonden skal overta gardsdrifta og finna sin veg for vidare drift. 

 Tema:  
Juridiske og menneskelige utfordringar ved eigarskifte – advokat Lasse Sælthun 
Bondelaget informerar -  Aurland Bondelag – Tomas Rastad 
Vår historie og våre val - Hovland Gard v. Ole Bjarne Hovland 
God agronomi for å lukkast med matproduksjon - Børre Solberg – rektor ved SJH 
Finansieringsordningar hjå Innovasjon Norge v.Vemund Aarthun 
Kva kan kommunen bidra med – næringsrådgjevar Linn-Janette, Aurland kommune og Felles landbrukskontor ÅLA Magnhild Aspevik og Beate Stølen 

Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær. 

Enkel servering. 
 
Påmelding innan 08.02.2023 til beate.stolen@laerdal.kommune.no
 
Med atterhald om endring i programmet

Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland
Tid: Måndag 13.2.2023 kl 17.30-20.30 

Påmelding til Beate Stølen på e-post: beate.stolen@laerdal.kommune.no

Vis arrangement →
des.
16.
12:00 a.m.00:00

Kurs: Bærekraftig besøksforvaltning og levande lokalsamfunn

  • Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (kart)
  • Google Calendar ICS
foto: NMBU

Eit spennande og aktuelt NMBU kompetansekurs for dykk som er involverte i utvikling og ivaretaking av lokalsamfunnet. Om du er frivillig, del av organisasjon, kommune, næringsaktør og/eller grunneigar så kan det væra noko å henta.

Påmeldingsfrist 16. desember

Meir informasjon og påmelding her på sida til Norges miljø- og biovitenskaplige universitet.

Vis arrangement →
nov.
22.
8:30 a.m.08:30

Utviklingskonferansen 2022

Utviklingskonferansen 2022

Nærøyfjordområdet sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030

Fretheim hotel, Flåm


Påmeldingsfrist er 18.november

Målsettinga med konferansen er å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring- og samfunnsutvikling.

  • Korleis kan verdsarvområdet og denne regionen skilje seg ut som reisemål og ta ein endå tydlegare posisjon i eit framtidig reiseliv som Fyrtårn og Grønt Reisemål med reelt innhald?  

  • Kva kan gjerast for å styrke samarbeid og samhandling som kan føre til betre besøksfordeling i tid og rom, enno større lønsemd, enno betre miljømessig berekraft og enno betre opplevingar for gjestene?

  • Kan Aurlandsfjorden/ Nærøyfjorden bli det fremste reisemålet for cruisegjester med redusert mottak av cruisebåtar?

Nokre sentrale diskusjonstema vil vere grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reise-straumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarvstatusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna?

Program

Kort om innleiarane og moderatoren:

Nærøyfjorden Verdsarvpark, styreleiar David Underdal

Verdsarvstatusen – forsaking eller fortrinn?

David er varaordførar i Aurland kommune og styreleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark.


Vestland fylkeskommune, fylkesvaraordførar Natalia Golis

Reiselivet på Vestlandet mot 2030 – er me på rett veg?

Natalia er fylkesvaraordførar i Vestland fylke og representant i Kvam heradsstyre, og har vore styremedlem i Hardanger Næringshage.

The Fjord Tours Group, Kristian Jørgensen

Grøn mobilitet og nye reisemønster

Kristian er CEO i Fjord Tours Group AS, styreleiar i Best Arctic Group AS og tidlegare reiselivsdirektør I Fjord Norge AS.

ARU/Norway´s Best, Vidar Hauståker

Kva skal til for vidare verdiskaping i reiselivet?

Vidar er Forretningsansvarleg for Flåm i Norway´s Best, tidlegare økonomisjef i konsernet og Senior Manager i PwC.

Northern Xplorer, Rolf Sandvik

Kva er ideen bak Northern Xplorer?

Rolf er CEO i Northern Xplorer AS og Global Maritime Services Ltd. Han tidelegare direktør for The Fjords DA og visepresident for destinasjonsutvikling i SIVA SF. Før stillingen i SIVA var Rolf kaptein i mange år for cruiserederiene Norwegian Cruise Line og Crystal Cruises.

Cruise Norway, Jon Olav Stedje

Cruiseutviklinga på Vestlandet etter 2026
Driftsleiar, Aurland Hamnevesen KF, Flåm Cruise Port. Ambassadør, Environmental Port Index. Member of the sustainable committee, Cruise Europe.

Voss herad,
Hans-Erik Ringkjøb

UNESCO verdsarvområdet mot 2035
Hans-Erik er ordførar i Voss Herad og medlem av Verdsarvrådet. Han har vore med i arbeidet med UNESCO verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap sidan starten, og er aktiv i regionale og nasjonale politiske verv og reiselivsprosjekt som t.d. Fellesgodeprosjektet.

Hilde Charlotte Solheim

Rammevilkår og verdien av verdsarvstatusen

Hilde Charlotte er rådgjevar, forfatter og journalist. Ho er tidlegare direktør for reiseliv og kultur i Hovedorganisasjonen Virke og direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i NHO Reiseliv, og har vore styreleiar i BRIM Explorer, Visit Hardangerfjord, Destinasjon Røros, Visit Geilo, Norrøna Hvitserk og styremedlem i verksemder innen kultur- mat og natursektoren.

Ståle Brandshaug, Moderator

Ståle er partnar og rådgjevar i 2469 Reiselivsutvikling AS og tidlegare reiselivsdirektør i Visit Sognefjord AS og Region Stavanger BA, i tillegg til sentral deltaking i mellom anna Visit Norway strategisk råd, NCE Tourism Fjord Norway, ARENA Innovativ Fjordturisme, Forskingssenter for berekraftig reiseliv, Stavanger Cruise Destination og fleire reiselivsprosjekt på vestlandet.

Arrangørar

Vis arrangement →
nov.
16.
10:00 a.m.10:00

Kulturkonferansen Vestland; Frivilligheit bygger samfunn.

Velkommen til Kulturkonferansen 2022, Frivilligheit bygger samfunn!

Gjennom innleiingar og samtalar vil vi sette lys på mellom anna desse tema:

  • Det norske gullet. Norsk frivilligheit og frivilligpolitikk.

  • Å lykkast i lag. Samhandling mellom det offentlege og frivilligheita.

  • Deltaking for alle? Frivillig arbeid, inkludering og folkehelse.

  • Lidenskap for frivilligheit. Samhandling mellom profesjonelle og frivillige.

Målgrupper for konferansen er frivillig sektor, kommunar, kultur-, idrett og friluftsorganisasjonar, kulturinstitusjonar, frie kulturutøvarar, kulturbaserte næringsaktørar og privatpersonar.

Her finn du informasjon, påmeldingslenke og programmet for konferansen.

2022 er Frivilligheitas år, og Vestland fylkeskommune ønskjer deg velkomen til ein inspirerande Kulturkonferanse med gode innleiarar og spennande tema!

 

Arrangør av Kulturkonferansen er Vestland fylkeskommune.

Vis arrangement →
okt.
20.
10:00 a.m.10:00

Næringskonferansen i Flåm

Photo: Jon Hunnålvatn Tøn

Saman blir me sterkare

Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel av Norway’s best, med Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Visit Sognefjord og Backline Voss som gode partnarar. Målet er å skapa ein årleg konferanse om utvikling, samarbeid, innovasjon, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv.

Årets konferanse vil vera eit møtepunkt med fokus på framsnakking av tida som kjem og samarbeid er ein raud trå gjennom arrangementet.

Konferansierane Finn Tokvam og Line Bjelde frå Sogn Næring losar oss gjennom ein dag fylt med interessante foredrag. Gjennom konferansen vil me få læra meir om korleis ulike bedrifter og aktørar samhandlar for å ta posisjon i marknaden.

Velkomen til ein dag med inspirasjon og fagleg påfyll i hjarta av Vestland fylke!

Her kan du lese meir og finne link til påmelding

Vis arrangement →