Utviklingskonferansen 2022
Nærøyfjordområdet sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030
Fretheim hotel, Flåm
Påmeldingsfrist er 18.november
Målsettinga med konferansen er å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring- og samfunnsutvikling.
Korleis kan verdsarvområdet og denne regionen skilje seg ut som reisemål og ta ein endå tydlegare posisjon i eit framtidig reiseliv som Fyrtårn og Grønt Reisemål med reelt innhald?
Kva kan gjerast for å styrke samarbeid og samhandling som kan føre til betre besøksfordeling i tid og rom, enno større lønsemd, enno betre miljømessig berekraft og enno betre opplevingar for gjestene?
Kan Aurlandsfjorden/ Nærøyfjorden bli det fremste reisemålet for cruisegjester med redusert mottak av cruisebåtar?
Nokre sentrale diskusjonstema vil vere grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reise-straumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarvstatusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna?