Kva skjer?

Filtrerer etter: «2025»
Vossadagane
apr.
8.
til 9. apr.

Vossadagane

Årets viktigaste møteplass på Voss

Vossadagane er møteplassen der ein løftar blikket og ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss.

Vis arrangement →

Last Tuesday
feb.
25.

Last Tuesday

Tema for dagen: Berekraftsrapportering, ny naturmangfaldsplan og bedriftspresentasjon

Program:

Berekraftsrapportering v/ Azets Consulting

Atle Sandal og Jens Ludvig Haaland frå Azets Consulting kjem for å gi oss eit inspirerande og innsiktsfult innlegg om berekraftsrapporteing: frå compliance til konkurransefortrinn. Her set dei fokus på korleis bedrifter kan gå frå å berre oppfylla lovkrav til å bruka berekraftsrapportering som eit strategisk verktøy for vekst og innovasjon.

Føredraget tek mellom anna for seg:

  • Introduksjon til berekraftsrapportering: Kva er det og kvifor er det viktig?

  • CRSD Compliance: Rammeverk, krav og juridiske konsekvensar

  • Implementering: Praktiske trinn og verktøy for effektiv rapportering

  • Forretningsmoglegheiter: Korleis berekraftsrapportering kan skapa konkurransefortrinn, driva innovasjon og møta investorkrav

 

Den nye naturmangfaldsplanen v/ Voss Herad

Klima- og miljørådgjevar i Voss herad, Lina Hamre, tek oss igjennom den ferske naturmangfaldplanen til heradet. Kva retning vil naturforvaltninga ta framover, og korleis vil dette påverke nokre bransjar og bedrifter meir enn andre?

Bedriftspresentasjon: Din Omstilling

Din Omstilling er lokalisert i Odda, og hjelp organisasjonar med utviklings- og omstillingsprosessar. Dei tilbyr tenester innan leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, Jungiansk Type Index (JTI) samt teamkompasset.

Velkomen!

 

Praktisk informasjon:

Når: Tysdag 25. februar kl. 14.00 – 16.00

Kvar: Næringshagens nye lokale i Gondolbygget (inngang via Turistinformasjonen)

Lett servering

Påmeldingsfrist 24. februar kl. 12.00

Du kan lese meir her og melde deg på

Vis arrangement →