Vedtekter

Vedtekter for stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark.

I tillegg til desse vedtektene gjeld lov om stiftelsar av 15.6.01, nr 59. Dersom der er motstrid mellom vedtektene og lova, går lova føre.

 

§ 1 Oppretting

Stiftinga er ei alminneleg stifting med sete i Aurland kommune. Stiftinga er etablert av Aurland kommune, Vik kommune, Voss kommune, Lærdal kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune i stiftingsmøte den 14. september 2007.

 

§ 2 Føremål

Stiftinga skal ha som føremål å koordinere og samordne den samla innsatsen i høve verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet. Stiftinga si verksemd blir regulert gjennom ein eigen Parkavtale. Parkavtalen bør harmoniserast med ein felles kommunedelplan for området.
Nærøyfjorden Verdsarvpark skal byggje på at lokalsamfunnet har eigarskap til landskaps- og kulturverdiane og aktivt fremme internasjonale verneverdiar gjennom lokal økonomisk, kulturell og identitetsmessig utvikling.
Nærøyfjorden Verdsarvpark skal skape møteplassar og utvikle partnarskap mellom eit vekslande mangfald av initiativ som fremjar parken sitt føremål.
Nærøyfjorden Verdsarvpark skal arbeide for utvikling av vertskapsrolla slik at ein fremjar ein verdiskapande kommunikasjon mellom lokalsamfunnet og omverda

 

§ 3 Grunnkapital

Stiftinga har ein grunnkapital på NOK 300 000,-.

 

§ 4 Styret

Styret er det øvre organ til stiftinga.

Valperiode
Kvart medlem vert vald for periodar på 2 år om gongen. For å sikre overlapping i styret skal det for ein del av styremedlemane bestemmast at dei fråtrer på like årstal, og for den andre delen at dei fråtrer på ulike årstal.

Samansetnad
Stiftinga sitt styre skal ha 9 medlemar med personlege vara medlemar. Styret skal vera samansett slik:

  • 4 styremedlemar vald av parkmøtet med utspring frå grender, organisasjonar og nettverk som er aktive partnerar i parken. Desse er på val på første ordinære parkmøte etter stiftelsen. Ved stiftelsen vert desse styremedlemane peika ut av stiftarane.

  • 5 styremedlemar skal veljast ved at kvar av stiftarane peikar ut ein medlem kvar dersom anna ikkje vert avtala stiftarane imellom.

Styret vel sjølv leiar og nestleiar.
Styret kan velje og tildele mynde for arbeidsutval.
Dagleg leiar har møte og talerett i styret.

Oppgåver
Styret har fylgjande hovudoppgåver:

  • Å ivareta ansvaret for drifta av stiftinga.

  • Å ivareta dei oppgåver som er tillagt styret i lov om stiftingar.

  • Å utarbeide langsiktige forretningsplanar og budsjett.

  • Å utarbeide godkjent årsmelding, årsrekneskap og å foreta årsoppgjer.

  • Å velje eventuelle råd og utval.

  • Å tilsetje dagleg leiar, forretningsførar eller andre arbeidstakarar og fastsetje løns- og arbeidsvilkår for desse.

  • Å handsame vedtektsendringar og spørsmål om oppløysing av stiftinga (omdanning).

  • Å fastsetje nærare retningsliner for drifta og instruksar for eventuelle underordna organ.

Styremøta
For styremøta gjeld følgjande:

  • Styret gjer vedtak i møtet, jfr likevel stiftingslova § 31.

  • Styret vert innkalla av styreleiar eller når minst to styremedlemer krev det.

  • Styret kan gjere vedtak når minst fem medlemer, inklusive styreleiar eller nestleiar, er tilstades.

  • Styret sitt vedtak vert gjort med alminneleg fleirtal. Ved røystelikskap gjeld det som styreleiar har røysta for, jfr likevel stiftingslova § 33, 2. ledd.

  • Det skal førast møtebok frå styremøta. Møteboka skal underskrivast av alle dei styremedlemene som deltok i styremøtet.

 

§ 5 Parkmøtet

Parkmøtet er det årlege allmøtet i stiftinga og består av stiftarane og partnerane. Partnarar er regional forvaltning (stat, fylke, kommunar), organisasjonar og bedrifter som har inngått partnarskapsavtale godkjend av styret. Parkmøtet har i medhald av lov om stiftelser § 36 myndigheit til å velje styremedlemar i samsvar med § 4 i vedtektene. Parkmøtet kan velje ein valkomité søm førebur valet og gir framlegg til styremedlemar.
I parkmøtet har alle partnerar møterett, talerett og ei røyst. Stiftarane deltek likevel ikkje i valet av dei styremedlemar som i samsvar med § 4 skal veljast av parkmøtet. Vedtak vert gjort med alminneleg fleirtal. Det skal førast møtebok frå parkmøtet.

 

§ 6 Parkavtalen

Parkavtalen er det overordna strategi- og styringsdokumentet for parken. Parkavtalen er forankra i Naturvernlova med verneplan, forvaltningsplan og eventuell felles kommunedelplan. Utvida geografisk forankring må vera gjennomgripande nedfelt i den einskilde kommune sin kommuneplan og i partnarskapsavtale.
Vidare femner parkavtalen om ein avtaledel som består av partnarskapsavtalar mellom stiftinga og den einskilde partner.
Med utgangspunkt i parkavtalen kan styret setje ned tematiske arbeidsgrupper og fora. Partnerane er pliktige til å ta på seg oppgåver med organisering og deltaking i slike arbeidsgrupper.

 

§ 7 Revisjon, rekneskap, kontroll m.v.

Revisor vert vald av stiftarane.
Stiftinga har rekneskapsplikt etter lov om rekneskap.
Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal sendast rekneskapsregisteret seinast ein månad etter fastsetjing av årsrekneskapen, jfr. rekneskapslova § 8-2.

 

§ 8 Dagleg leiing

Den daglege leiinga av stiftinga si verksemd skal ivaretakst av ein dagleg leiar. Denne kan vere t.d. ein eigen direktør, styreleiaren, forretningsførar eller innleidde personar.
Dagleg leiar har ansvaret for at verksemda vert driven i samsvar med vedtektene og styret sine vedtak.
Dagleg leiar førebur saker for styret og syter for at det vert ført protokoll frå styremøta.
Styret fastset instruks for dagleg leiar.

 

§ 9 Representasjon utanpå

Styret representerer stiftinga utanpå. Styret kan gi styremedlemar eller dagleg leiar rett til å representere stiftinga utanpå i samsvar med stiftingslova § 38.

 

§ 10 Omdanning

1. Vedtektsendring
Styret vedtek endringar i vedtektene og har såleis omdanningskompetansen.
Før vedtak i styret skal endringane drøftast i parkmøtet.

2. Oppløysing m.v.
Styret vedtek med 2/3 fleirtal å oppheve, fusjonere eller fisjonere stiftinga og har såleis omdanningskompetansen.
Før vedtak i styret skal endringane drøftast i parkmøtet.

3. Godkjenning av Stiftingstilsynet
Vedtektstendring, oppløysing eller anna omdanning skal godkjennast av Stiftingstilsynet.